Bishop Rock
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bishop Rock (kornisk Men an Eskob) er eit lite skjer heilt vest i Scillyøyane. Det står eit fyr på skjeret.
Kjappe fakta Stad, Oppretta ...
Bishop Rock fyr (2005) | |||
Stad | Scillyøyane i Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Oppretta | 1858 | ||
Koordinatar | 49°52′24″N 6°26′41″W | ||
Høgd | 44 | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | 2 kvite blink kvart 15. sekund | ||
Lysstyrke | 600 000 cd | ||
Lysvidde | 38 nm | ||
Status | |||
Automatisert | 1992 | ||
Bishop Rock 49.872896°N 6.445708°W / 49.872896; -6.445708 | |||
Lukk
Skjeret har ikkje plass til anna enn det 44 meter høge fyret. Bygginga av det opphavlege fyret starta i 1847, men vart vaska bort før det vart ferdig. Det noverande tårnet stod ferdig i 1858 og vart tent 1. september same år.
Bishop Rock var startpunktet for skipsrutene over Nord-Atlanteren på første halvdel av 1900-talet. Skip som segla raskast (i vilkårleg retning) mellom skjeret og innløpet til Lower New York Bay i USA fekk bere Atlanterhavets blå band for raskast overfart.