Bjørn Wirkola
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bjørn Tore Wirkola (fødd 4. august 1943 i Alta) er ein norsk, tidlegare skihoppar, kombinertløpar og fotballspelar. Han vart verdsmeister i stor bakke og normal bakke under VM på ski 1966 i Oslo, og vann den tysk-austerrikske hoppveka i åra 1967-69. Wirkola er den einaste som har greidd å vinne hoppveka tre gongar på rad. Han sette i 1966 verdsrekord i Vikersund med eit stilreint hopp på 146 meter.
Kjappe fakta
Bjørn Wirkola | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. august 1943 (80 år) Alta |
Idrett | kombinert, fotball, skihopping |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Egebergs Ærespris, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten, Sportsjournalistenes statuett |
Close