Bodø
by i Nordland / From Wikipedia, the free encyclopedia
Bodø er ein by og administrasjonssenteret i Bodø kommune i Nordland. Byen har 42 831 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Bodø | |||
By | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Bodø | ||
Areal | 14,91 km² | ||
Folketal | 42 831 (2023) | ||
Folketettleik | 2 873 / km² | ||
Innbyggjarnamn | bodøværing | ||
Preposisjon | i Bodø | ||
Bodø 67.28267°N 14.37513°E / 67.28267; 14.37513 | |||
Wikimedia Commons: Bodø (city) | |||
Lukk
Bodø ligg nord for polarsirkelen (67° 17" N 14° 23" O) og har midnattssol frå 4. juni til 8. juli. Byen si plassering midt mellom hav og innland har gjeve han eit solid næringsgrunnlag. Det lulesamiske namnet på byen er Bådåddjo.
Bodø er ein av byane i Noreg som har hatt størst vekst sidan 1990-åra. I 2004 hadde Bodø ein vekst på 691 personar — ikkje inkludert kommunesamanslåinga med Skjerstad). Universitetet i Nordland har over 6 000 studentar.