Brütal Legend
dataspel frå 2009 / From Wikipedia, the free encyclopedia
Brütal Legend er eit action-eventyrspel utvikla av Double Fine Productions og utgjeve av Electronic Arts for PlayStation 3 og Xbox 360. Det vart utgjeve 13. oktober 2009 i Nord-Amerika og 16. oktober same året i Europa. Brütal Legend skulle i utgangspunktet bli publisert av Vivendi Games, men etter samanslåinga med Activision valde sistnemnde å fjerna spelet frå lanseringsplanane. [1] Spelet vart seinare teke opp av Electronic Arts til publisering, noko som resulterte i at Activision og Double Fine båe sende søksmål mot kvarandre grunna vanskar om publiseringa, men desse er no blitt samde utanfor retten. [2]
Brütal Legend | |||
| |||
Utviklar(ar) | Double Fine Productions | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Electronic Arts | ||
Distributør | Steam, GOG.com, Humble Store, Discord Store, Microsoft Store, itch.io, PlayStation Store | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Tim Schafer | ||
Design(ar) | Tim Schafer | ||
Forfattar | Tim Schafer | ||
Komponist(ar) | Peter McConnell | ||
Plattform(er) | Xbox 360, PlayStation 3, Linux, Microsoft Windows, macOS | ||
Utgjeving | NA: 13. oktober 2009 EU: 16. oktober 2009 | ||
Sjanger | Action-eventyr | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI: 18+ ESRB: M USK: 18+ | ||
Medium | Blu-ray Disc, DVD | ||
Stødde einingar | Handkontroll | ||
Nettstad | http://www.brutallegend.com/ |
Speldesignaren Tim Schafer var inspirert til å skapa spelet etter sine eigne tidlegare musikalske erfaringar. Hovudpersonen i spelet er Eddie Riggs, gjeve stemmen til Jack Black. Han er ein «roadie» som blir send til ei fantasiverd inspirert av kunststilen på omslaga til tungmetall-album. Eddie blir frigjeraren i verda, der han leier dei undertrykte menneska mot ein hær av overnaturlege vesen ved å bruka ei stridsøks, den magiske Flying V-gitaren sin og ein hot rod som han kan endra på. I tillegg til Black, vil spelet også ha røystene til tungmetall-musikarar som Lemmy Kilmister, Rob Halford, Ozzy Osbourne og Lita Ford, røystene til kjendisar som Tim Curry, i tillegg til over hundre metall-songar som Schafer har valt å inkludera i spelet.