Buranovskije Babusjki
From Wikipedia, the free encyclopedia
Buranovskije Babusjki, «Bestemødrene frå Buranovo», er ei russisk song- og dansegruppe frå Buranovo i Udmurtia. Gruppa representerte Russland i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Party for Everybody». Bestemødrene er udmurtar, og syng dei fleste songane sine på udmurtisk.
Buranovskije Babusjki | |||
| |||
Opphav | Udmurtia i Russland | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2010–i dag | ||
Sjanger | folkemusikk, tradisjonell sang | ||
Medlemmer | Granja Bajsarova (62 år) Alevtina Begisjeva (56 år) Zoja Dorodova (71 år) Galina Konjeva (73 år) Natalja Pugatsjova (76 år) Valentina Pjatsjenko (74 år) Jekaterina Sjkljajeva (74 år) Olga Tuktarjova (43 år) – kunstnarisk leiar Jelizaveta Zarbatova (86 år, reiser ikkje på turné) |
Tidlegare har gruppa sunge coverlåtar, mellom anna «Yesterday» og «Let It Be» av The Beatles og «Smoke on the Water» av Deep Purple. Dei har også delteke i den russiske finalen av Eurovision tidlegare, i 2010. Den gongen deltok dei med songen «Dlinnaja-Dlinnaja Beresta I Kak Sdelat Iz Nee Aishon» ('Svært lang bjørkenever, og korleis ein kan laga turban av han'). Songen enda på tredjeplass.
Då «Party for Everybody» vann den russiske finalen i 2012, danka han mellom anna ut eit bidrag av den tidlegare Eurovision-vinnaren Dima Bilan. Songen blei framført på både udmurtisk og engelsk. Gruppa uttalte i 2012 at dei ville bruka pengane dei tente til å byggja ei kyrkje i Buranovo.