Byar i Latvia
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Det er 77 byar i Latvia (latvisk: Pilsētas). Etter latvisk lov vert byrettar gjeve til busetnadar som er senter for kultur og produksjon med velutvikla infrastruktur og offentlege institusjonar, og som minst har 2000 innbyggjarar. I visse høve, om ein by fyller alle andre krav, kan han ha færre innbyggjarar. Byena vert vidare delt inn i regionsbyar(latvisk Rajonu pilsētas) og republikkbyar (latvisk Republikas pilsētas) eller storbyar (latvisk Lielpilsētas). Krav for å verte ein storby er velutvikla industri, transport, offentlege instritusjonar og infrastruktur eller vere eit viktig senter for kultur og sosialarbeid. I tillegg skal han minst 50 000 innbyggjarar men kan han likevel få status som storby om han oppfyller dei andre krava.