Inírida i Guainía
From Wikipedia, the free encyclopedia
Inírida (spansk uttale [iˈniɾiða]), tidlegare Puerto Inírida, er hovudstaden og ein kommune i Guainía-departementet i Colombia. Ein departementshovudstad vart første gongen etablert i 1963 på staden der den litle landsbyen Obando ligg. Kommunen vart døypt om i 1974 og byen etablert som Puerto Inírida. Folketalet for heile den 17 tusen kvadratkilometer store kommunen var 31 514 i 2018.[1] Dette er omtrent ein tredel av folketalet i departementet.[1] Dei fleste innbyggjarne er av urfolksopphav.
Meir informasjon Styresmakter, Departement i Colombia ...
Inírida | |
---|---|
Biblioteket i Inírida | |
Styresmakter | |
Departement i Colombia | Guainía-departementet |
Ordførar (alcalde) | Pablo Willan Acosta Yuvabe (2020-2023) |
Geografi | |
Flatevidd - By - Urbant - Storbyområde |
17 000 km² 1000 km² 15 000 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2018) |
31 514 |
Koordinatar | 3°51′55″N 67°55′26″W |
Høgd over havet | 95 m |
Tidssone | EST (UTC-5) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.inirida-guainia.gov.co/index.shtml#2 | |
Plassering | |
Lukk