Christopher Franke
tysk komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Christopher Franke (fødd 6. april 1953) er ein tysk musikar og komponist. Frå 1971 til 1988 var han medlem av electronicabandet Tangerine Dream. Han var først trommeslagar i The Agitation, seinare kalla Agitation Free, før han gjekk over til å hovudsakleg spele klaverinstrument og synthesizerar etter kvart som gruppa gjekk bort frå opphavet med psykedelisk rock. Han var truleg ikkje den første musikaren til å nytte ein analog sekvenser, men var truleg den første til å nytte eit slikt instrumentet på scene under ein konsert, og la rytmegrunnlaget for klassiske musikkstykke av Tangerine Dream og heile Berlin-skulen.
Christopher Franke | |||
| |||
Fødd | 6. april 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Berlin | ||
Fødenamn | Christopher Franke | ||
Opphav | Berlin i Tyskland | ||
Sjanger | Elektronisk musikk | ||
Instrument | Trommer, klaverinstrument, synthesizerar | ||
Tilknytte artistar | Tangerine Dream | ||
Plateselskap | Private Music | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Etter at han slutta i gruppa starta han plateselskapet Sonic Images som baserer seg på New Age-musikk. Han har laga fleire soloalbum og mykje filmmusikk.