Dei låge Beskidane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei låge Beskidane eller Dei lågare Beskidane (polsk Beskid Niski, slovakisk Nízke Beskydy) er ein del av fjellkjeda Beskidane i Dei ytre austlege Karpatane søraust i Polen og nordaust i Slovakia. Det er ein åslendt region i Prešov i Sanok fylke og Jasło fylke mellom Busov, Ondavská vrchovina, Laborecká vrchovina, Beskydské predhorie i Slovakia, Beskid Sądecki, Pogórze Bukowskie og Bieszczady nær elvane Wisłoka, Wisłok og Osława i Polen. Fjellet har to fråskilde fjelltoppar, ein på 1002 moh. (Busov) og ein på 997 moh. (Lackowa). Dei låge Beskidane skil Dei austlege frå Dei vestlege Karpatane.
Dei låge Beskidane | |||
fjell | |||
Bartnia Góra i Dei låge Beskidane. | |||
Land | Polen, Slovakia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei ytre austlegeKarpatane | ||
Høgd | Busov i Slovakia, 1 002 moh. | ||
Dei låge Beskidane 49.388055555556°N 21.160833333333°E / 49.388055555556; 21.160833333333 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Central Beskids | |||
Det opphavlege plante- og dyrelivet er bevart sidan området ligg så pass isolert. Fjellkjeda er dekt av bøkeskog og er i dag verna som ein del av Magurski nasjonalpark og Jaśliski Park Krajobrazowy. Av dyr som lever her finn ein svartstork, rådyr og ulv.