Dejan Stanković
serbisk fotballspelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dejan Stanković (fødd 11. september 1978) er ein serbisk tidlegare fotballspelar frå Beograd. Midtbanespelaren hadde frå 1995 til 2011 stor suksess med klubbar som Raude Stjerne i heimbyen, og med italienske SS Lazio og FC Inter. Mellom anna vann han meisterligaen med Inter, cupvinnarcupen med Lazio og til saman 16 nasjonale cup- og seriemeisterskap i Italia og Jugoslavia.