Den heroiske alderen for antarktisutforsking
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den heroiske alderen for antarktiskutforsking skildrar ein epoke som strekte seg frå slutten av 1800-talet til tidleg 1920-talet.[1] Gjennom denne 25-årsperioden vart det antarktiske kontinentet fokuset for ein internasjonal innsats som resulterte i vitskapleg og geografisk utforsking, og seksten store ekspedisjonar vart sett i gang frå åtte ulike land.[2] Felles for desse ekspedisjonane var avgrensinga på tilgjengelege ressursar før framsteg i transport- og kommunikasjonsteknologien revolusjonerte arbeidet under utforskinga.[3][4] Dette tydde at kvar ekspedisjon vart ei bragd av uthald som testa dei personlege fysiske og mentale grensene, og nokre gonger utover. Det «heroiske» merket, tilkjent seinare, anerkjende motgangen som måtte overvinnast av desse pionerane. Mange overlevde ikkje denne røynsla, og 17 medlemmar omkom i løpet av denne perioden.
I løpet av desse ekspedisjonane vart både den geografiske og magnetiske Sørpolen nådd.[5] Det å vere først til Sørpolen var eit primært mål i nokre av ekspedisjonane, og var den einaste grunngjevinga for Roald Amundsen sitt vågestykke. Men dette var ikkje det einaste aspektet av polarforsking på denne tida; andre ekspedisjonar jobba med definerte mål i ulike område av kontinentet. Som eit resultat av all denne aktiviteten vart store delar av kystlinja til kontinentet oppdaga og kartlagt, og store delar av innhaldet vart utforska. Ekspedisjonane genererte òg store mengder vitskaplege data og prøver over eit breitt spekter av vitskaplege område. Eksaminasjonen og analysane heldt dei vitskaplege miljøa i verda oppteke i fleire tiår.[6]