Den vesle løva
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den vesle løva (frå latin Leo Minor) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Ein kan sjå det svake bildet som eit triangel mellom Den store bjørnen og Løva. Det var ikkje eit av dei 48 bilda Ptolemaios teikna i det andre hundreåret, men blei skapt av Johannes Hevelius i 1687.
Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...
Den vesle løva | |
---|---|
Latinsk namn | Leo Minor |
Forkorting | LMi |
Genitivsform | Leonis Minoris |
Symbologi | Namngitt av Hevelius |
Rektasensjon | 10 h |
Deklinasjon | 35° |
Areal | 232 kvadratgrader nr. 64 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | Praecipua (46 LMi) (3,83. mag.) |
Meteorsvermar | |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +90° og −45° | |
Close
Det finst 37 stjerner som er meir lyssterk enn tilsynelatande storleik 6,5 i stjernebiletet og tre som er meir lyssterk enn 4,5.