Derry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Derry, eller Londonderry, på irsk Doire, er ein by vest i Nord-Irland. Han har kring 85 000 innbyggjarar (2008) og ligg i grevskapet County Derry, eit av dei seks, tradisjonelle grevskapa i Ulster. Byen er den nest største i Nord-Irland og den fjerde største på den irske øya.
Derry | ||
---|---|---|
irsk skotsk |
Doire / Doire Cholmcille Derrie / Lunnonderrie | |
Kallenamn «Maiden City» | ||
Motto «Vita Veritas Victoria» (Liv, sanning, siger) | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Nord-Irland | |
Region | County Londonderry | |
Distrikt | Derry City | |
Grunnlagd | 500-talet | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2008) - Byområde - Storbyområde |
85 016 93 512 237 000 | |
Koordinatar | 55°0′N 7°18′W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BT47, BT48 | |
Telefon-retningsnummer | 028 | |
Nettstad: www.derrycity.gov.uk | ||
Offisielt namn på staden er Londonderry, men nokre av folket i byen sjølv kallar han berre Derry. Det folkevalde styret for Derry-distriktet har republikansk fleirtal og har offisielt omdøypt organet til Derry City Council. Gamlebyen ligg på vestsida av elva Foyle, men byen strekkjer seg no over begge breiddene, og er samanbunden av to bruer. Derry-distriktet omfattar òg landsbygda søraust for byen.
Frå historia til byen kan nemnast Den blodige sundagen, 30. januar 1972.
Derry blir ofte nemnd i irske songar. Den irske folkemusikkgruppa The Dubliners syng om byen og tilhøva der i ein namngjeten song med tekst av Phil Coulter, kalla The Town I Loved So Well.