Det meksikanske platået
From Wikipedia, the free encyclopedia
Det sentrale meksikanske platået, òg kalla Meksikansk Altiplano eller Altiplanicie Mexicana, er eit stort tørt til halvtørt platå som dekkjer det meste av det nordlege og sentrale Mexico. Det er i snitt 1825 meter over havet og strekkjer seg frå grensa til USA i nord til Cordillera Neovolcánica i sør, og grensar til Sierra Madre Occidental i vest og Sierra Madre Oriental i aust. Ei låg fjellkjede frå aust til vest i staten Zacatecas deler platået i ein nordleg og sørleg del. Desse to delane, som vert kalla Mesa del Norte og Mesa Central, vert no av geografar generelt rekna som delar av det same platået. Det meksikanske platået er hovudsakleg dekt av ørkenar og stepper med furu- og eikeskogar rundt fjellkjedene.
Kjappe fakta Land, Statar ...
Det meksikanske platået | |||
Region | |||
Det meksikanske platået nær San Miguel de Allende i Guanajuato | |||
Land | Mexico | ||
---|---|---|---|
Statar | Chihuahua, Coahuila, Durango, Zacatecas, San Luis Potosí, Aguascalientes, Jalisco, Zacatecas, Guanajuato, Querétaro, México, Hidalgo | ||
Koordinatar | 24°N 103°W | ||
Høgaste punkt | 2435 moh | ||
Lågaste punkt | 1000 moh | ||
Lengd | 1 532 km | ||
Areal | 601 882 km² | ||
Folketal | 14,800,000 (1990 [1]) | ||
Folketettleik | 24,58 / km² | ||
Det meksikanske platået 24°N 103°W / 24; -103 | |||
Wikimedia Commons: Mexican Plateau | |||
Lukk