Dicksonia
planteslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Dicksonia er ei slekt av relativt små eller mellomstore tre-liknande bregnar innan familien Dicksoniaceae, som igjen på si side inngår i ordenen Cyatheales. Artane veks i tropane, hovudsakleg på den sørlege halvkula, heilt sør til New Zealand.
Dicksonia | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karsporeplanter Pteridophyta |
Klasse: | Bregnar Polypodiopsida |
Underklasse: | Polypodiidae |
Orden: | Cyatheales |
Familie: | Dicksoniaceae |
Slekt: | Dicksonia L'Hér., 1789 |
Blada er karakteristisk svært store og flikete, bladplatene er gjerne 1–4 meter lange. Samtidig er artane nokre av dei lågaste blant dei såkalla «trebregnane». Stengelen er ein einskildståande «trestamme, og alle artane har eit tydeleg hårdekke.
Slekta har 20–25 artar i tropisk Asia, Stillehavet og Australia, med nokre få artar i Latin-Amerika. Fleire av artane blir dyrka som stove- eller hageplantar. Artane er relativt primitive, med opphav for slekta heilt tilbake til jura og krit.