Edvard Grieg
norsk pianist og komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Edvard Hagerup Grieg (15. juni 1843–4. september 1907) var ein norsk komponist og pianist.
Edvard Grieg | |||
| |||
Fødd | 15. juni 1843 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Død | 4. september 1907 (64 år) | ||
Dødsstad | Bergen | ||
Fødenamn | Edvard Hagerup Grieg | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | klassisk musikk, Sardana | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist | ||
Mor | Gesine Hagerup | ||
Gift med | Nina Grieg | ||
Prisar | storkors av St. Olavs Orden |
Edvard Grieg var fødd i Bergen, som barn av britisk konsul Alexander Grieg og Gesine Judithe Hagerup. Han vert rekna som den best kjende og viktigaste av alle norske komponistar. Etter oppmoding frå Ole Bull reiste han i 1858 til Leipzig for å læra pianospel og komposisjon. Vidare lærte han hjå Niels Wilhelm Gade i København i 1863. Grieg vert rekna som ein nasjonalromantisk komponist, med den norske folkemusikken som si viktigaste inspirasjonskjelde. Han vert stundom kalla «nordens Chopin», på grunn av sine mange korte pianostykke (samla i Lyriske stykker).
Mange av Grieg sine verk er vortne vidkjende; av dei kan nemnast pianokonsert i a-moll, musikken til Ibsen-stykket Peer Gynt (inkludert «Morgenstemning» og «I Dovregubbens Hall»), Holberg-suiten (opphavleg for piano, men seinare omarbeidd for strykeorkester), og pianostykket «Bryllupsdag på Troldhaugen».