Ekstremvêret Narve
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ekstremvêret Narve var eit uvêr som råka Midt- og Nord-Noreg frå 17. januar til 20. januar 2006 med vind opp mot full til sterk storm i kombinasjon med låge temperaturar. Ekstremvêret varte berre til 20. januar, men det blåste storm heilt til 22. januar i Nord-Noreg.
Som oftast når ein har ekstremvêr med kraftig vind er det eit uvanleg kraftig lågtrykk eller eit polart lågtrykk som er årsaka, og den sterkaste vinden varer gjerne berre nokre timar. Slik var det derimot ikkje med «Narve». Eit kraftig høgtrykk låg over Kolahalvøya og Sibir og førte iskald luft frå Russland og innover Nord-Noreg. I Russland var det stader som målte under −50 °C, medan Finnmark hadde temperatur mellom −10 °C og −25 °C. Samtidig kom det eit lågtrykk inn over Jan Mayen, som vart liggande her og «stange» mot høgtrykket i aust. Verken lågtrykket eller høgtrykket var uvanleg kraftig, men kombinasjonen av desse to førte til ein svært stor trykkgradient (trykkskilnad) over områda som vart råka. I tillegg bles vinden stort sett frå søraust, ein vindretning som svært sjeldan gjev så kraftig vind. Dette førte til at område som sjeldan vert råka av stormane ein kvart år har på kysten fekk svært kraftig vind. Spesielt i Nord-Noreg gjorde òg kombinasjonen låge temperaturar og kraftig vind til at den effektive temperaturen vart svært låg. Ein temperatur på -20 °C vil i full storm kjennast ut som -40 °C, og på 5-10 minutt kan ein få fryseskadar på berr hud. Dei låge temperaturane førte til kraftig ising i fjordane i Finnmark. I tillegg til alt dette hadde ein ikkje kraftig vind i berre nokre timar, men i fleire dagar.