Ekte selar
pattedyrfamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ekte selar eller øyrelause selar (Phocidae) er ei av tre hovudgrupper innanfor underordenen selar (Pinnipedia). Dei ekte selane skil seg frå pelsselane og sjøløvene i familien Otariidae i at dei ikkje har ytre øyre og ikkje kan folda bakluffane inn under kroppen og gå på dei, men i staden kravlar seg fram på magen.
Ekte selar | |
To elefantselar gjer seg klar til å slåst i California. | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Underklasse: | Theria |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia |
Overorden: | Laurasiatheria |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Caniformia |
Familie: | Ekte selar Phocidae Gray, 1821 |