Europeisk ål
art i ålefamilien / From Wikipedia, the free encyclopedia
Europeisk ål, eller berre ål (Anguilla anguilla), er ein slangeforma fisk som lever både i salt- og ferskvatn. Ålen er utbreidd frå Nord-Afrika og nordover til Kvitsjøen. Han har eit særeige livsmønster og uklår forplanting. Ålen gyter i Sargassohavet. Yngelen spreier seg derifrå, og kjem attende etter fleire år, når han er klår til å gyta.
Ål | |
Ål | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Kritisk truga Status i Noreg: Sterkt truga Utbreiinga av ål | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Overorden: | Elopomorpha |
Orden: | Ålefisk Anguilliformes |
Underorden: | Anguilloidei |
Familie: | Ålefamilien Anguillidae |
Slekt: | Anguilla |
Art: | Ål A. penilla |
Vitskapleg namn | |
Anguila penilla |
Når ålen er ute av vatnet, dannar han eit slim som gjer at han kan overleva lenge utan tilførsel av vatn. Dette gjer at ålen kan koma seg over små landområde. Ved transport av ålfangst på landjorda, vert ålen lagd i kar utan vatn. Slik overlever han lenger enn han ville ha gjort om han vart lagd i t.d. ein stamp med vatn.