Eurovision Song Contest
årleg, internasjonal musikktevling halden av Den europeiske kringkastingsunionen / From Wikipedia, the free encyclopedia
Eurovision Song Contest (ESC) er den årlege musikktevlinga til Eurovision. Han har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.
- Sjå òg Eurovision (fleirtyding).
Eurovision Song Contest | ||
---|---|---|
Sjanger | Musikktevling | |
Skapar | Marcel Bezençon | |
Programleiarar | Sjå programleiarar | |
Kjenningsmelodi- komponist | Marc-Antoine Charpentier | |
Kjenningsmelodi | Te Deum | |
Land | Sjå land | |
Språk | Engelsk og fransk | |
Stader | Sjå vertsbyar | |
Varigskap | 2 timar (kvar semifinale) 3 timar og 30 minutt (finalen) | |
Produksjonsselskap | Den europeiske kringkastingsunionen | |
Distributør | Eurovision | |
Bileteformat | 576i (SDTV) (1956–i dag) 1080i (HDTV) (2007–i dag) | |
Sendt | 24. mai 1956–i dag | |
Nettstad | ||
eurovision.tv |
Kvart medlemsland kan sende ein song som vert sunge på direktesendt fjernsyn og deretter vert røysta på av dei andre deltakarlanda, for å finne den mest populære songen i tevlinga. Tevlinga har vorte kringkasta kvart år sidan 1956 og er eit av dei eldste fjernsynsprogramma i verda. Det er òg ein av dei mest sette ikkje-sportslege hendingane i verda, og dei siste åra har publikumstala vore på mellom 100 til 600 millionar internasjonalt. Eurovision Song Contest vert òg kringkasta utanfor Europa, til dømes i Argentina, Australia, Brasil, Canada, Kina, Colombia, Egypt, India, Japan, Jordan, Mexico, New Zealand, Filippinane, Sør-Korea, Taiwan, Thailand, Uruguay og Venezuela til tross for at dei ikkje deltek. Sidan 2000 har tevlinga òg vorte kringkasta over Internett. I 2006 såg meir enn 74 000 personar i nesten 140 land tevlinga på Internett.
Poenggjevinga i Eurovision Song Contest har skjedd etter fleire ulike system opp gjennom historia, men i dag gjev kvart land poeng i følgjande verdiar etter telefonrøysting: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12. Dersom to eller fleire land står med likt tal poeng til slutt, vinn det landet som har motteke poeng frå flest land. Er stillinga framleis lik, vil tal på mottekne 12-poengarar avgjera, deretter 10-poengarar og så vidare vera avgjerande.
Tradisjonelt arrangerer vinnarlandet tevlinga året etter, vanlegvis ein laurdag i midten av mai i form av eit rundt tre timar langt fjernsynsshow.