Føniksordenen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Føniksordenen (engelsk Order of the Phoenix) er ein fiktiv organisasjon i bokserien Harry Potter av J.K. Rowling. Organisasjonen blei skipa av Albus Humlesnurr for å nedkjempa Voldemort og dødsetarane. Boka Harry Potter og Føniksordenen har namnet sitt etter organisasjonen.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
- Denne artikkelen handlar om organisasjonen. For den femte boka med same namn, sjå Harry Potter og Føniksordenen.
Føniksordenen | |
---|---|
Frå bokserien om Harry Potter | |
Hovudkvarter | 12 Grimmauld Place (i bok fem og seks) Hiet (i bok sju) |
Leiar(ar) | Albus Humlesnurr |
Intensjonar | Å hindra Voldemort frå sine planar om verdsherredøme |
Fiendar | Voldemort og dødsetarane Tidlegare: Magidepartementet |
Fyrste opptreden | Harry Potter og Føniksordenen |
Organisasjonen blei til under dei fyrste herjingane til Voldemort, før han sporlaust forsvann etter å ikkje ha klart å drepa Harry Potter, som då var éitt år. Då han stod opp frå ein tilstand nærmast lik død mot slutten av den fjerde boka, Harry Potter og ildbegeret, blei organisasjonen gjenoppretta. Dette skjedde på berre rett under timen etter at det hadde skjedd, då Harry Potter sjølv overlevde, og kunne fortelja Dumbledore om kva som hadde skjedd. Trolldomssamfunnet trudde ikkje det kunne vera sant då Potter fortalde historia, noko som tvinga organisasjonen til å arbeida skjult for Magidepartementet heilt fram til slutten av bok fem, då ein stor kamp med Voldemort, dødsetarane og Føniksordenen i sjølve departementet fekk dei til å innsjå at dei tok feil.