Falkenbergs kommun
kommune i Halland len i Sverige / From Wikipedia, the free encyclopedia
Falkenbergs kommun er ein kommune i Hallands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor Hallands län til Hylte kommun i aust, Halmstads kommun i søraust og Varbergs kommun i vest og nordvest. I tillegg grensar han til Gislaveds kommun i Jönköpings län i nordaust, og til Svenljunga kommun i nord og Marks kommun i nordvest, begge i Västra Götalands län. Administrasjonssenteret i kommunen er Falkenberg.
Falkenbergs kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Hallands län | ||
Landskap | Halland og Västergötland | ||
Del av | Halland, Q31883954, Q61552287 | ||
Centralort | Falkenberg | ||
Areal | 1 162 km² | ||
- land | 1 115 km² | ||
- vatn | 47 km² | ||
Folketal | 40 084 | ||
Folketettleik | 35 / km² | ||
Falkenbergs kommun 56.916666666667°N 12.5°E / 56.916666666667; 12.5 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Falkenberg Municipality | |||
Nettstad: www.falkenberg.se | |||
Det indre høglandet i kommunen er prega av skog, og dalbotnane har har elveavleiringar og våtmarker. Kystlinja i sør har strandstrekningar og sandvollar mellom bergknausene. Næringslivet er dominert av små og mellomstore verksemder. Mellom dei viktigaste føretaka er bryggjeriet Carlsberg Sverige AB og Gekås Ullared, som er eit av dei mest besøkte kjøpesentera i Sverige.