Federal Reserve System
From Wikipedia, the free encyclopedia
Federal Reserve er sentralbanken i USA. I daglegtale blir ofte forkortinga The Fed bruka, men det fulle namnet på heile sentralbanksystemet er eigentleg Federal Reserve System. Jerome Powell er (2018) styreformann i Board of Governors of the Federal Reserve og dermed den øvste leiaren i banken.
Sentralbanksystemet i USA er unikt på verdsbasis. Systemet er ein hybrid av tolv privateigde sentralbankar («Federal Reserve Banks») og ei leiing som er politisk utpeikt. Det øvste nivået i systemet er Board of Governors som held til i Washington D.C. Dette styret blir peika ut av presidenten i USA og blir godkjent av senatet. Under styret kjem Federal Open Market Committee, som har hovudansvaret for pengepolitikken til landet. Denne komiteen består av Board of Governors og formennene for fem av dei tolv Federal Reserve Banks. Under desse kjem dei tolv bankane, som i stor grad tek seg av dei praktiske gjeremåla til sentralbanksystemet.
Federal Reserve System vart oppretta av president Woodrow Wilson gjennom Federal Reserve Act i 1913, i samarbeid med kongressrepresentant Carter Glass og senator Robert L. Owen. USA hadde då gått mange år utan ein sentralbank, men ulike bankkriser hadde ført til krav om at bankvesenet måtte bli regulert og bli støtta av ein sentralbank.