Forørkning i Afrika
From Wikipedia, the free encyclopedia
Forørkning i Afrika er ikkje eit nytt fenomen, men eit relativt nytt omgrep i historisk samanheng. Ordet slik som det blir brukt om Afrika i dag stammar eigentleg frå den franske skogforvaltaren Andre Aubreville i 1949. Aubreville brukte det franske ordet «désertification», som opphavleg tydde ‘fråflytting frå landsbygda’,[1][2] for å beskriva «avskoging, overbeiting, manglande regn og spreiing av sand».[2] Det var dei innfødde som fekk skulda for denne skadelege vanstellinga av landet,[2] som i dag er kjend som «desertification» på engelsk.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |