Genfersjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Genfersjøen er den nest største ferskvassinnsjøen i Sentral-Europa etter Balatonsjøen. 60 % av innsjøen ligg i Sveits (kantonane Vaud, Genève og Valais), medan resten ligg i Haute-Savoie i Frankrike. Andre namn på sjøen er tysk Genfersee, fransk Lac Léman eller le Léman, 'Lémansjøen' og Lac de Genève, 'Genèvesjøen'
Genfersjøen | |||
innsjø | |||
Genfersjøen sett frå Montreux | |||
Land | Sveits, Frankrike | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Rhône, La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse | ||
Utløp | Rhône | ||
Nedslagsfelt | 7 975 km² | ||
Opphaldstid | 11,4 år | ||
Høgd over havet | 372 moh. | ||
Lengd | 73 km | ||
Breidd | 14 km | ||
Areal | 580 km² | ||
Middeldjupn | 153,4 m | ||
Største djupn | 310 m | ||
Volum | 89 km³ | ||
Koordinatar | 46°26′N 6°33′E | ||
Øyar | Ile de la Harpe, Ile de Peilz | ||
Byar | Montreux, Genève, Lausanne | ||
Genfersjøen 46.45°N 6.55°E / 46.45; 6.55 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Lake Geneva | |||
Innsjøen, som vart danna av isbrear under den siste istida vert smalare frå Yvoire og sørover, og innsjøen vert derfor delt inn i dei to delane Grand Lac (Stor innsjø) i aust, og Petit Lac (Liten innsjø) i vest.
Genfersjøen er ein innsjø på elva Rhône. Ho har sitt utspring ved Rhônebreen nær Grimselpasset aust for innsjøen og renn ned gjennom Valais, og ut i innsjøen mellom Villeneuve og Saint-Gingolph. Ho renn vidare frå Genfersjøen ved Genève. Andre elvar som munnar ut i Genfersjøen er La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse.
I 1960-åra var ikkje lenger innsjøen den viktige transportåra han hadde vore i mange hundre år. Seint på 1960-talet var innsjøen så forureina at det var farleg å bade ved enkelte strender, og turistar på tur i den lokale ubåten hadde nærast null sikt. Ubåten vart til slutt seld. I 1980-åra hadde kraftig miljøforureining (eutrofiering) tatt knekken på nesten all fisk i innsjøen. I dag er forureiningsnivået mykje lågare, og det er heilt trygt å ta seg eit bad. Innsjøen vert i dag nytta til segling, vindsurfing, båtsport (som vasski og wakeboard), roing, dykking og bading.
Kyststripa mellom Nyon og Lausanne vert kalla La Côte, og mellom Lausanne og Vevey vert ho kalla Lavaux.