Genshin Impact
dataspel frå 2020 / From Wikipedia, the free encyclopedia
Genshin Impact (kinesisk 原神, pinyin yuánshén; japansk 原神-げんしん, rōmaji Genshin) er eit action-rollespel utvikla av det kinesiske selskapet miHoYo som fyrst kom ut i 2020. Spelet har eit anime-aktig open-verd-miljø og eit action-basert slostesystem som nyttar element-magi og bytte av spelfigurar. Spelet er gratis å spela, og tener pengar på gacha der spelarar kan skaffa seg nye spelfigurar, våpen og andre spelelement. Genshin Impact føregår i fantasiverda Teyvat, der det finst sju ulike land som kvar er bunde til eit ulikt element og styrt av ein ulik gud. Soga følgjar ein reisande som har reist gjennom tallause verder med tvillingen sin før dei blei skilde i Teyvat. Den reisande dreg på leit etter tvillingen sin saman med hjelparen Paimon, og blir involvert i forholda til landa i Teyvat.
Genshin Impact | |||
| |||
Utviklar(ar) | miHoYo | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | miHoYo, Cognosphere | ||
Distributør | PlayStation Store, Google Play, App Store, Epic Games Store, offisiell nettstad | ||
Spelmotor | Unity | ||
Siste versjon | 4.6 | ||
Plattform(er) | iOS, Android, Microsoft Windows, PlayStation 4, PlayStation 5 | ||
Utgjeving | 28. september 2020 | ||
Sjanger | datarollespel, action-rollespel, gachaspel, samarbeid | ||
Spelemodus | einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 12 | ||
Nettstad | https://genshin.hoyoverse.com/es, https://genshin.hoyoverse.com/fr, https://genshin.hoyoverse.com/de, https://genshin.hoyoverse.com/zh-tw, https://genshin.hoyoverse.com/id, https://genshin.hoyoverse.com/ja, https://genshin.hoyoverse.com/ko, https://genshin.hoyoverse.com/pt, https://genshin.hoyoverse.com/ru, https://genshin.hoyoverse.com/th, https://genshin.hoyoverse.com/vi, https://ys.mihoyo.com/, https://genshin.hoyoverse.com/en, https://genshin.hoyoverse.com/it, https://genshin.hoyoverse.com/tr |
Spelet blei utvikla mellom 2017 og 2020. Genshin Impact blei gjeve ut for Microsoft Windows, PlayStation 4, Android og iOS i september 2020, og for PlayStation 5 i april 2021, med vidare planar for ei utgjeving for Nintendo Switch. Spelet fekk jamt over positiv kritikk, med lovprisingar for slostemekanikken og den overtydande opne verda, men fekk også kritikk for den simplistiske slutten og den økonomiske modellen. Spelet blei ein økonomisk suksess. Det tente inn over 3 milliardar dollar i det første utgjevingsåret, den høgaste lanseringsinntekta for eit dataspel nokonsinne.