Georges Brassens
From Wikipedia, the free encyclopedia
Georges Brassens (22. oktober 1921–29. oktober 1981) var ein fransk diktar, komponist og songar av chanson française, franske viser innanfor ein særeigen sjanger. Han vart fødd i byen Sète (då skrive Cette) på den sørfranske middelhavskysten, i nærleiken av byen Montpellier, og døydde i Saint-Gély-du-Fesc nord for Montpellier.
Georges Brassens | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 22. oktober 1921 Sète |
Død |
29. oktober 1981 (60 år) |
Yrke | lyrikar, songar-låtskrivar, banjospelar, gitarist, skribent, songar, komponist, chansonnier, skodespelar |
Språk | fransk |
Sjanger | chanson |
Georges Brassens på Commons |
Georges Brassens spela gitar, piano og elektrisk orgel, og akkompagnerte seg sjølv på gitar. Som viseforfattar, komponist og offentleg visesongar var han aktiv i peroden frå 1951 til 1981. Han står attom ein rad populære franske viser, mellom anna: Chanson pour l'Auvergnat, La Mauvaise Réputation, Le Gorille, Les Amoureux des bancs publics, Les Copains d'abord, Je me suis fait tout petit, Supplique pour être enterré à la plage de Sète, Les Trompettes de la renommée og mange fleire. Mellom 1952 og 1976 spela han inn fjorten album. I 1967 mottok han Det franske akademiets (Académie française) Grand prix de poésie (Den store poesiprisen), som gis til poetar som uttrykker seg på fransk. Han har ikkje berre skrive og tonesett eigne dikt, men òg komponert musikk til dikt av Louis Aragon, Victor Hugo, Jean Richepin, François Villon og Guillaume Apollinaire, Paul Fort, Antoine Pol.