Germaine de Staël
fransk forfattar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Germaine de Staël, fullt namn Anne Louise Germaine de Staël-Holstein, (22. april 1766–14. juli 1817) var ein fransk forfattar av sveitsisk opphav. Ho levde og virka under den franske revolusjonen og styret til Napoléon Bonaparte. Ho var ein av dei fremste motstandarane til Napoleon. Ho var kjend for den elegante konversasjonskunsten sin, og deltok både i det kulturelle og det politiske livet. Verka hennar, både essay og skjønnlitteratur, hadde innverknad på historia til den europeiske romantikken.
Germaine de Staël | |
Statsborgarskap | République de Genève, Kongedømet Frankrike |
Fødd | 22. april 1766 Paris |
Død |
14. juli 1817 (51 år) |
Yrke | skribent, salongvertinne, dagbokskrivar, litteraturkritikar, politikar, korrespondent, filosof |
Far | Jacques Necker |
Mor | Suzanne Curchod |
Ektefelle | Erik Magnus Staël von Holstein, Albert Jean Michel de Rocca |
Born | Albertine, baroness Staël von Holstein, Auguste-Louis de Staël-Holstein, Louis Alphonse de Rocca |
Germaine de Staël på Commons |
Ho var dotter av den sveitsiske bankieren og finansministeren i Frankrike, Jacques Necker. Frå 1786 var ho gift med den svenske ambassadøren Erik Magnus Staël von Holstein (død 1802). Ho hadde ein populær litterær salong med fleire framståande gjester, og ho blei difor ofte kalla Reine de Paris («dronninga av Paris»). Som far sin var ho tilhengar av dei progressive ideala til revolusjonen. Dette kom særleg til uttrykk i verka hennar; i Delphine, der ho fordekt gjekk til angrep på den kyrkjelege vigselen og ideen om det uoppløyselege ekteskapet, og i den erotiske romanen Corinne.