Gorizia
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Gorizia (slovensk Gorica, tysk Görz, friulisk Gurize) er ein liten by ved foten av Alpane nordaust i i Italia på grensa til Slovenia. Han er hovudstad i provinsen Gorizia i regionen Friuli-Venezia Giulia og har om lag 40 000 innbyggjarar. Han er eit lokalt senter for turisme, industri og handel.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Gorizia | ||
---|---|---|
Gorizia sett mot aust | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
Italia Friuli-Venezia Giulia Gorizia | |
Borgarmeister | Ettore Romoli | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
41 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
39 615 863/km² | |
Koordinatar | 45°56′N 13°37′E | |
Høgd over havet | 84 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 34170 | |
Telefon-retningsnummer | 0481 | |
Nettstad: www.comune.gorizia.it |
Lukk
På slovensk «Gorica» 'liten ås'. Byen ligg der dalane til elvane Isonzo og Vipacco møter kvarandre, på ei slette nedanfor åsane Collio, som er kjend for den gode vinen som vert produsert her. Gorizia ligg i le av fjella i nord og får ikkje dei kalde vindane som kjem der frå, og sjølv om boravinden kan blese frå aust har byen eit mildt klima.