Guvernement i Jordan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jordan er delt inn i 12 guvernement (muhafazah) etter det administrative inndelingssystemet til Innariksdepartementet. I 1994 vart det oppretta fire guvernement: Jerash, Ajloun, Madaba og Akaba. Dei to førstnemnde vart skild ut frå Irbid guvernement, Madaba guvernement vart skild ut frå Amman guvernement, medan Akaba vart skild ut frå Ma'an guvernement.