HMS «Beagle»
From Wikipedia, the free encyclopedia
HMS «Beagle» var ein britisk fregatt bygd og brukt av den kongelege marinen av England. Ho vart sjøsett 11. mai 1820, i elva Themsen, men stod ferdig bygd to år før (i 1818) same månaden. Fregatten går under kategorien Cheriokee-klassen, ei britisk klasseinndeling, som tyder at ho har to stormaster. I juli same året var ho med på feiringa av kroninga av Georg IV, der HMS «Beagle» var den fyrste til å segla under den nye London Bridge. Skipet er mest kjend for å vera Charles Darwin sitt skip under dei mange ekspedisjonane hans.