Hellebard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hellebard er eit våpen som er samansett av eit økseblad og ein spydspiss på enden av eit langt skaft. Hellebardar var mykje brukte blant fotsoldatar på 1300-talet og 1400-talet og blir enno bore som seremonielt skaftevåpen av Sveitsargarden i Vatikanet. Ein kan òg finne hellebarden i somme av dei bergenske bogekorpsa.