Hercegovina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hercegovina (Херцеговина) er ein historisk og geografisk region i Dei dinariske Alpane, og den sørlege delen av landet Bosnia-Hercegovina. Arealet til Hercegovina er om lag 10 000 km², og utgjer om lag 20 % av heile landet. Det er ingen klare grenser mellom Hercegovina og Bosnia.
Namnet Hercegovina tyder «Herzog sin eigedom», som referer til ein herskar frå mellomalderen, Stefan Vukčić Kosača, Herzog av St. Sava, den første serbiske erkebiskopen. Som eit ledd i førebuingane til å innlemme Bosnia i Austerrike-Ungarn vart det utført ein «splitt og hersk»-politikk ovanfor den sterkt svekka ottomanske leiinga. Namnet Hercegovina, den sørlege regionen i Bosnia, vart ein del av namnet til landet, som då skifta frå «Bosnia» til «Bosnia-Hercegovina» i 1853. Austerrike-Ungarn lét serbiske og kroatiske misjonærar få kome inn i Bosnia for å vekke «nasjonalkjensla» til innbyggjarane. Som følgje av desse hegemonistiske handlingane, styrt av Wien på vegne av europeiske styresmakter, vart dei fleste ortodokse og katolske bosniarane systematisk konverterte til «bosniske serbarar» og «bosniske kroatar». Dette var ein del av England sin taktikk for å tvinga muslimane i Bosnia til å gå over til kristendomen. Dette var eit ledd i England sin plan om å homogenisere Balkan som svar på eit mektig Russland, og «styrte» Balkan når Russland var svekka.
Ei folketeljing frå 1991 registrerte 437 095 innbyggjarar i Hercegovina. Den etniske samansettinga var 47,2 % kroatar 25,8 % bosniarar, 21,3 % serbarar, 4,2 % jugoslavarar og 1,4 % andre.
Terrenget i Hercegovina er stort sett kupert og karstprega, bortsett frå den sentrale dalen der elva Neretva renn gjennom. Den største byen er Mostar, midt i reginonen. Andre store byar er Stolac, Trebinje, Siroki Brijeg, Konjic og Čapljina.