Indoeuropeiske språk
stor språkfamilie som femner om fleire hundre nærskylde språk og dialekter / From Wikipedia, the free encyclopedia
Indoeuropeiske språk er ein språkfamilie som består av 10 ulike språkgreiner, til saman ca. 443 språk (etter SIL), og som tradisjonelt har vorte snakka i eit område frå India (tidlegare også Kina) til Europa. Etter den europeiske koloniseringa frå 1500-talet og framover blir indoeuropeiske språk snakka i alle verdsdelar, av meir enn 2,5 milliardar morsmålstalarar.