Issyk-Kul
From Wikipedia, the free encyclopedia
Issyk-Kul (også Ysyk Köl og Issyk-kol) er den største innsjøen i Kirgisistan og det nest største fjellvatnet i verda, etter Titicaca. Sjøen ligg 1 602 meter over havet, i Tian Shan-fjella nordvest i landet. Han er 180 km lang, 60 km brei, og den største djupna er på 702 meter.
Issyk-Kul tyder 'varm sjø', og han frys sjeldan om vinteren sjølv om lufttemperaturen då kan synka heilt ned till -40 °C. Dette kjem av at vatnet er noko salthaldig. Vatn frå bekkar og smelta snø renn ut i innsjøen, som i dag ikkje har noko utløp.