İzmir
From Wikipedia, the free encyclopedia
Izmir (tyrkisk İzmir, fram til 1929 Smyrna) er ein stor by heilt vest i Anatolia og den tredje største byen i Tyrkia med 2 783 866 innbyggjarar. Storbyområdet kring Izmir strekkjer seg langs İzmirbukta og innover i landet til nordsida av elva Gediz og aust langs ei elveslette danna av fleire småelvar til meir kupert terreng i sør. I storbyområdet bur kring 3,4 millionar innbyggjarar.[3][4] Den antikke byen vart kalla Smyrna, (Σμύρνη, Smyrne på gresk).
Izmir | |||
İzmir | |||
by | |||
Konakplassen i sentrum av Izmir | |||
Kallenamn: Egearhavet si perle | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Egearregionen | ||
Provins | Provinsen Izmir | ||
Høgd | 2 moh. | ||
Koordinatar | 38°26′N 27°09′E | ||
Areal | 855,00 km² | ||
Folketal | 2 783 866 [1][2] | ||
- storby | 3 366 947 | ||
Folketettleik | 3 256 / km² | ||
Borgarmeister | Aziz Kocaoğlu | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 35xxx | ||
Retningsnummer | (+90) 232 | ||
İzmir 38.41273°N 27.13838°E / 38.41273; 27.13838 | |||
| |||
Wikimedia Commons: İzmir | |||
Nettstad: www.izmir.bel.tr | |||
Byen Izmir består av fleire bydelar. Av desse samsvarar Konak med den historiske Izmir, og Konakplassen er framleis sentrum i byen. Dei andre bydelane som utgjer Izmir er Balçova, Bayraklı, Bornova, Buca, Çiğli, Gaziemir, Güzelbahçe, Karabağlar, Karşıyaka og Narlıdere. Nesten alle desse har vore eigne byar og landsbyar i tidlegare tider.
Han er den største eksporthamna og den nest største importhamna i Tyrkia med utførsel av fiken, tobakk, rosiner, bomull og anna. Byen er sete for ei stor årleg internasjonal handelsmesse. Byen har universitet frå 1955. Søraustkommandoen til NATO har hovudkvarteret sitt i İzmir. Her er stor turisttrafikk, mellom anna til dei nærliggande ruinbyane Efesos og Pergamon. Byen har eit arkeologisk museum og Atatürk-museum. Av dei historiske minnesmerka i byen finn ein mellom andre Hisar-moskeen frå 1375, klokketårnet Saat Kulesi oppført til minne om sultanen Abdülhamit, og det romerske teatret frå 54 e.Kr med ei scene i tre etasjar.