Kárpathos-Kásos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Periferieininga Kárpathos-Kásos (gresk Περιφερειακή Ενότητα Καρπάθου-Κάσου, Periferiakí enótita Karpáthou-Kásou) er ei av dei 13 periferieiningane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Ho vart oppretta ved den administrative reforma i 2010, og var tidlegare ein del av prefekturet Dodekanesane. Frå 2011 hadde periferieininga namnet Kárpathos, men skifta namn til Kárpathos-Kásos i 2017.[2][3] Frå 2018 har kommunen Kásos skifta namn til Den heroiske øya Kásos (Ηρωικής Νήσου Κάσου), slik at det formelle namnet på periferieininga no er Periferieininga Kárpathos-Den heroiske øya Kásos (Περιφερειακή Ενότητα Καρπάθου-Ηρωικής νήσου Κάσου).[4]
Kjappe fakta Kárpathos-Kásos Lokalt namn Περιφερειακή ενότητα Καρπάθου-Κάσου, Geografi ...
Kárpathos-Kásos Lokalt namn Περιφερειακή ενότητα Καρπάθου-Κάσου | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 35°30′N 27°10′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 394 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi | Dei sørlege egeiske øyane |
Største busetnad | Kárpathos (2 815 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 7 790 (2021[1]) |
Folketettleik | 19,8 /km² |
Lukk
Periferieininga er sett saman av øyane og kommunane (nummer på kartet)
Hovudstaden er Kárpathos.