Kjell
mannsnamn / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjell er eit gammalt nordisk namn. Det byrja å bli mykje brukt på 1600-talet då det tok over frå den eldre namneforma Kættil eller Kettil, som òg var forløparar for namnet Kjetil. Namnet har samanheng med ordet kjele, truleg med tydinga 'offerkjele' eller 'hjelm'.
Kjell er eit vanleg norsk namn, og i 2009 var det 30 427 som hadde dette som fornamn. Namnet var mykje brukt på 1940- og 50-talet, men bruken er seinare blitt sjeldan blant nyfødde gutar.
Kjell har norsk namnedag den 11. juli og svensk den 8. juli.