Kollisjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein kollisjon, samanstøyt eller berre støyt finn stad når to lekamar kjem i fysisk kontakt med kvarandre. I ein kollisjon blir relativt sterke krefter utløyst på kollisjonslekamane i ein kort tidsperiode. Alle kollisjonar har den same rørslemengda før og etter ein kollisjon. Døme på kollisjonar inkluderer bilkollisjonar, ein sprettande ball og når ei biljardkule treffer andre kuler eller veggane i biljardbordet.
Kollisjonar i trafikken får ofte fatale konsekvensar. I Noreg står frontkollisjonar for ein stor del av dei menneskelege og materielle tapa i trafikken kvart år. To bilar kan støyte saman, eller ein bil kan kollidere med eit tre ved vegkanten. Skip kan kollidere med isfjell, noko som skjedde med passasjerskipet «Titanic» i 1912. Fly kan kollidere med kvarandre i lufta eller på bakken. Atom støyter saman heile tida, og gjer dei det raskt nok kan det bli ein stor eksplosjon i form av ei atombombe eller ein meir fredeleg og kontrollert utvikling av energi. I telekommunikasjon kan ein i eit ethernet oppleve kollisjonar når netta vert overbelasta.
I overført tyding, men òg under praktiske transportforhold, kan to lekamar kome på kollisjonskurs.