Konservativ
From Wikipedia, the free encyclopedia
Å vere konservativ er å ville ta vare på noko slik det er. Ordet kjem frå latin, conservare, å ta vare på. Som generelt ord er ordet konservativ såleis veldig vidt, og folk kan vere konservative på eitt område, men gå inn for endring på eit anna.
- «Konservativt» omdirigerer hit. For det politiske partiet, sjå Partiet Konservativt.
Som politisk nemning er det å vere konservativ i ein vestleg kontekst det same som å vere på høgresida. Den politiske konservatismen oppstod som ein reaksjon mot den franske revolusjonen frå 1789 og frametter, med britiske Edmund Burke som framståande tenkjar.