Kosmisk stråling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kosmisk stråling er innanfor astrofysikk partiklar som stammar frå ei kjelde utanfor jorda og som treffer jordatmosfæren med høg fart, gjerne nær lysfarten, men den kinetiske energien til partiklane varierer mykje. På det meste kan energien vere på 1020 elektronvolt, som er mykje høgare enn det menneske greier å akselerere partiklar til i partikkelakseleratorar.
Rundt 90 % av desse partiklane er proton, 9% er heliumkjernar, òg kjend som alfapartiklar. Den resterande 1% inkluderer elektron og kjernane av tyngre element.