Kristiansand
by i Agder / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Agder med 66 576 innbyggjarar per 1. januar 2023. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Agder fylkeskommune.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Kristiansand | |||
stad | |||
Utsyn over Kristiansand frå Dueknippen. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Kristiansand | ||
Areal | 25,12 km² | ||
Folketal | 66 576 (2023) | ||
Folketettleik | 2 650 / km² | ||
Innbyggjarnamn | kristiansandar | ||
Preposisjon | i Kristiansand | ||
Kristiansand 58.14671°N 7.9956°E / 58.14671; 7.9956 | |||
Wikimedia Commons: Kristiansand (city) | |||
Lukk
Kristiansand er kjent som ein sommar- og ferieby. I tillegg til varmt sørlandsklima og eit triveleg bysentrum har byen fleire populære trekkplaster. Kristiansand Dyrepark, med leikeland og Kardemomme by, trekker til seg mange vitjande barnefamiliar. Den årlege Quart-festivalen gjer at også mykje ungdom kjem til byen.
I Kristiansand ligg Universitetet i Agder og på Kjevik ligg Luftforsvarets befalsskole. Byen har også ei rekke vidaregåande skolar og ein maritim skole.
I Kristiansand kjem avisa Fædrelandsvennen ut dagleg.