Kurfyrste
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kurfyrste (tysk Kurfürst, av mellomhøgtysk kur, 'val' og fürste 'fyrste', latin princeps elector imperii eller elector) var ein tittel for dei fyrstane i det tysk-romerske riket som utgjorde kurfyrstekollegiet og sidan 1200-talet var dei einaste som hadde stemmerett ved valet (mellomhøgtysk: kure) av romersk konge. Den som blei vald til romersk konge blei tradisjonelt seinare krona til tysk-romersk keisar, fram til 1500-talet av paven i Roma.
Ingen kvinner vart valt til kurfyrste, men ektemaken til kurfyrstane fekk tittelen kurfyrstinne.