L'estro Armonico
From Wikipedia, the free encyclopedia
L'Estro Armonico, Op. 3, («Harmonisk inspirasjon» på italiensk) er ei samling av tolv solokonsertar ein, to og fire fiolinar skriven av Antonio Vivaldi og publisert i Amsterdam i 1711. Dette var den første solokonsertsamlinga til Vivaldi og eit av dei viktigaste verka frå denne tida, som inspirerte mange komponistar, som lagde tusenvis av imitasjonar på første halvdel av 1700-talet. Samlinga la i røynda grunnlaget for solokonsert-formatet på 1700-talet.[1] Ho forsterka ryet til Vivaldi som Il Prete Rosso (Den raude presten). Vivaldi-forskaren Michael Talbot gjekk så langt som å seie at «verka er kanskje den viktigaste samlinga av instrumental musikk som kom på heile 1700-talet».[2]
Samlinga vart stort sett sett saman i kronologisk rekkefølgje. Desse konsertane vert ofte kalla concerti grossi sidan det vert nytta eit concertino-aktig ensemble (solocello er ofte nytta).
Samlinga var tileigna storhertug Ferdinand av Toscana.