La Brévine
From Wikipedia, the free encyclopedia
La Brévine er ein kommune i distriktet Le Locle i kantonen Neuchâtel i Sveits. Kommunen har 655 innbyggjarar (2010) og eit areal på 42 km². Kommunesenteret ligg 1043 meter over havet.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
La Brévine | |||
---|---|---|---|
La Brévine | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Neuchâtel | ||
Distrikt | Le Locle | ||
Språk | fransk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
41,82 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
655 15,7 /km² | ||
Koordinatar | 46°59′0″N 6°36′0″E | ||
Høgd over havet | 1043 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 2406 | ||
Nettstad: labrevine.ne.ch |
Lukk
Landsbyen er ofte mykje kaldare enn omliggande landsbyar. 12. januar 1987 målte den lokale vêrstasjonen ein temperatur på -41,8 ºC, det kaldaste som nokon gong er målt i Sveits.
Kommunen ligg nær grensa til Frankrike. Han består av landsbyen La Brévine og grendene Le Brouillet, Bémont, Les Taillères og La Châtagne samti spreidde gardar.
Lac des Taillères ligg 2 km frå landsbyen.