Leoš Janáček
From Wikipedia, the free encyclopedia
Leoš Janáček (3. juli 1854–12. august 1928) var ein romantisk komponist frå den tsjekkiske delen av Austerrike-Ungarn. Saman med Antonín Dvořák og Bedřich Smetana er han rekna som ein av de viktigaste tsjekkiske komponistane.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Leoš Janáček | |||
| |||
Fødd | 3. juli 1854 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hukvaldy | ||
Død | 12. august 1928 (74 år) | ||
Dødsstad | Ostrava, Moravská Ostrava | ||
Fødenamn | Leo Eugen Janáček | ||
Opphav | Keisardømet Austerrike, Tsjekkoslovakia | ||
Sjanger | klassisk musikk, opera | ||
Instrument | orgel | ||
Verka som | komponist, musikkforskar, pedagog, dirigent, librettist, lærar, folklorist, musikkritikar, musikkteoretikar, redaktør, korleder | ||
Mor | Amálie Janáčková | ||
Far | Jiří Janáček | ||
Gift med | Zdeňka Janáčková | ||
Born | Olga Janáčková | ||
Prisar | æresdoktorat ved Mararyk-universitetet |
Close
Dei tidlege verka til Janáček var påverka av samtidige komponistar, som Dvořák, men seinare verk er særs originale og peiker framover mot modernismen. Gjennombrotet hans kom med det første av dei mogne verka, operaen Jenůfa som blei uroppført i Brno i 1904[1] og som etter førsteoppføringa i Praha i 1916 opna vegen til verdas store operasenar.[2][3]