Leopold I av Det tysk-romerske riket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Leopold I (9. juni 1640–5. mai 1705) var ein tysk-romersk keisar. Han var son av Ferdinand III og av den habsburgske slekta. Han vart konge av Ungarn 1655, 1656 av Böhmen og då faren døydde i 1657 herskar over dei austerrikske arvelanda. Leopold vart 1658 i Frankfurt krona som keisar av det Det tysk-romerske riket.
Leopold I av Det tysk-romerske riket | |||
| |||
Konge av Tyskland og tysk-romersk keisar | |||
Periode | 1658-1705 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 9. juni 1640 | ||
Fødestad | Wien | ||
Død | 5. mai 1705 | ||
Dødsstad | Wien | ||
Mor | Maria Anna av Spania | ||
Far | Ferdinand III av Det tysk-romerske rike | ||
Ektefelle | Claudia Felizitas av Østerrike-Tyrol, Eleonore Magdalene von der Pfalz, Margaret Theresia av Spania | ||
Barn | Maria Antonia av Austerrike, Josef I av Det tysk-romerske riket, Maria Elisabeth av Østerrike, Leopold Josef av Østerrike, Maria Anna av Østerrike, Maria Teresia av Østerrike, Karl VI av Det tysk-romerske riket, Maria Magdalena av Østerrike, Ferdinand Wenzel von Habsburg, Johann Leopold von Habsburg, Maria Anna von Habsburg, Anna Marie von Habsburg, Maria Josefa von Habsburg, Christine von Habsburg, Archduchess Maria Josepha of Austria, Marie Margarete von Habsburg | ||
Føregangar | Ferdinand III | ||
Etterfølgjar | Josef I |
Sjølv om han var ein djupt truande katolikk samarbeidde han utanrikspolitisk med dei protestantiske landa England og Nederland. Innanrikspolitisk var regjeringstida hans kjenneteikna av veksande sentralisme, noko som førte til uro særleg i Ungarn, og av ein motreformatorisk prega katolisisme. Politikken til Leopold var innretta mot undertrykking av den særleg i Ungarn sterke protestantismen. Til denne konteksten må òg fordrivinga av jødane i 1670/1671 nemnast.
Leopold I var ein språkdugande, velutdanna og musikalsk mann som gjorde hoffet i Wien til eit sentrum for barokkulturen.
Leopold var gift tre gonger og fekk 16 born, men åtte døydde som små.
Han førte ei lang rekkje krigar: