Linnorm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Linnorm er eit fabelvesen nytta som allegorisk, grafisk og heraldisk figur. Den liknar på fabelvesenet drake, men har to bein og ikkje fire som draken. De oppheld seg gjerne i dei store skogane eller i vollgraver. Ordet linnorm kjem frå det norrøne linnormr, der forleddet linnr eller linni tydar 'slange'. I meininga 'bøygeleg eller mjuk' kan ordet også ha gjeve namn til treslaget lind.