Müritz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Müritz er ein innsjø i Mecklenburg-Vorpommern nord i Tyskland. Han har eit areal på 117 km² og er med det den nest største innsjøen i Tyskland (etter Bodensjøen). Innsjøen vart danna under den siste istida og på det djupaste er Müritz 31 meter. Elva Elde renn gjennom innsjøen. Delar av Müritz og dei nærliggande skogane og våtmarksområda er ein del av Müritz nasjonalpark. Landkreis Müritz er kalla opp etter innsjøen.
Kjappe fakta Land, Innsjøtype ...
Müritz | |||
innsjø | |||
Nær Zielow | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Mesotroft vatn | ||
Tilsig | Elde | ||
Utløp | Elde | ||
Høgd over havet | 62 moh. | ||
Areal | 117 km² | ||
Middeldjupn | 6 m | ||
Største djupn | 31 m | ||
Koordinatar | 53°25′N 12°41′E | ||
Byar | Waren, Röbel | ||
Müritz 53.416666666667°N 12.683333333333°E / 53.416666666667; 12.683333333333 | |||
Wikimedia Commons: Müritz | |||
Lukk
Namnet til innsjøen kjem frå det slaviske ordet morcze, som tyder «lite hav».
Den største byen ved innsjøen er Waren.