Miniubåt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Miniubåtar er små ubåtar som anten er ubåtar i miniatyr, eller forma som torpedoar med sal, sitjeplass eller førarhus.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Små ubåtar har vore brukt som krigsverktøy frå andre verdskrigen av, då alle stormakter tok dei i bruk. Bemanninga har variert frå fire til to mann, avhengig av storleik på farkosten. Dagens farkostar kan bemannast med dykkarar i froskemannsliknande utstyr, men er oftast umanna og berekna til større djup enn ein vil risikera dykkarar på.
Dei første teikningane til det vi kan kalla miniubåtar, dukka allereie opp i Napoleonskrigane, då Robert Fulton prøvde å selja ideen først til franskmennene, og sidan til den britiske marinen utan avsetning. Ein halvmodell finst i dag på hamna i Cherbourg.
Miniubåtane under verdskrigen hadde avgrensa rekkjevidd, og var avhengig av å tauast til nær målet. Dei var utstyrt med framdrift, ekstra oppdriftsgass, styring opp, ned og sidelengs – og ei sprengladining som måtte førast nær, helst på, målet for å verka. Dei var òg utstyrt med klippeverktøy for å trenga gjennom torpedonett. Dei var mest berekna på å dykka berre få meter under vassflata.